Bompengar frå Stordpakken skulle vera med og finansiera ein 5,5 meter brei gang- og sykkelveg frå Heiane til Vabakkjen. Stordpakken blei til slutt avvist av Stord kommunestyre – og no kjem melding frå vegvesenet om at: – utan «pakkepengar» blir dette berre nok midlar til gjennomføring av redusert alternativ.
I meldinga frå vegvesenet 18. september i år står det skrive:
– Me byggjer gang- og sykkelveg frå Heiane til Vabakkjen med redusert breidde frå 5.5 meter til 4,5 meter. Det er dokumentert i en mobilitetsanalyse at dette er tilstrekkeleg breidde basert på folkeveksten i området.
– Me byggjer støyvoll som regulert. Me byggjer ikkje gangbru over E39 og me byggjer ikkje rundkøyring på E39»