Blåsene låg tett i tett

Talde snøgt til 100 teiner langs Huglo-landet søndag føremiddag. (Foto: Steinar Hystad)

Det var enno eit godt stykkje att av båtlufteturen rundt Huglo søndag føremiddag, då teljaren som heldt skikk  på passerte småblåser passerte talet 100.  Styndevis var det tett mellom blåsene, andre strekningar låg dei meir spreidde. Nokre  svært tett i land, andre litt  meir utpå –  alle med tau ned til  teiner  lagt på 10 til 40 meters djupne. 1. oktober, søndag morgon klokka åtte, starta  årets hummarfiske. Eitt døger seinare  er det klart for første opphal,  og fangsten då gjev ein peikepinn på korleis sesongen blir.