Lettare å lesa i andre turenden…

Buskar hindrar kartstudie på Sjoalemyro. (Foto: Steinar Hystad)

Skulle du småleg irritera deg over tilvekst av lauvtre rett framfor eit alle tiders interessant namneskilt på Sjoalemyro, kan du like gjerne snu det andre kinnet til og gleda deg heile spaserturen nedover til Nordre Grov. I vegkanten der blir du nemleg møtt av same namneskiltet, fritt for buskas.  Ein kjempejobb er gjort med å samla dei lokale stadnamna, og slik sett fortener tiltaket at me gåande tek oss nokre ekstra minuttar til  lesing og kartstudie.

Rundturen  Sjoalemyro – Grov –  Sjoalemyro, eller Grov – Sjoalemyro – Grov,  gjev ei god oppleving av Stordskogen og krev ein time halvannan i tid, alt etter tempo. God tur.

Lettare å lesa namneskiltet som ventar på Grov. (Foto: Steinar Hystad)