Pilegrimsdag på Moster

Menneske har vore på vandring til alle tider. På leit etter meining og innhald i livet. Pilegrimen søkjer framover til eit mål. Pilegrimen søkjer også etter å forstå livet sitt i ein større samanheng. Denne dagen vil me oppleve korleis menneske har søkt meining og retning i livet gjennom ulike tider.

Me får omvising i Amfiet med den faste utstillinga, me møter ein pilegrim som er på veg til Nidaros , og som leitar etter meining.

Det vert informasjon om kystpilegrimsleia og ein samtale om den moderne pilegrim og korleis det blir lagt til rette for ei reise langs kysten. Høve til å kjøpe kaffi m.m. Billett pålydande 150 kroner vert å kjøpa på staden.

Medverkande; Nina Meldal Olsen, Johanne Øvstebø Tvedten og Reidar Ådnanes.