«Stovegubbane har mange års friviljug innsats for eldre i Stordsamfunnet. Dei spelar mellom anna på Knutsaåsen, på sjukeheimen, på medlemsmøte i Pensjonistforbundet og på andre tilstellingar. Dermed har dei skapa glede og trivsel for mange eldre i ulike samanhengar på Stord»
Det du her har lese, er Eldrerådet si gode grunngjeving for å tildela bandet Stovegubbane årets Seniorpris i Stord kommune.
Vedtaket vart gjort på møtet måndag, og sjølve overrekkinga av prisen blir på Eldredagen i Kulturhuset 7. oktober.