Sigbjørn Framnes vert ny ordførar

Det kjem fram av denne pressemeldinga som vart sendt ut sundag kveld:

Partia er i kveld blitt samde om eit grunnlag for samarbeidsavtale for 2023-2027, der ein avklarar viktige politiske spørsmål og posisjonar. Avtala er basis for eit borgarleg samarbeid dei neste 4 åra.

I denne avtala er ein samde om at:

FrP skal ha ordføraren og Høgre varaordføraren.

Leiar i utvala RHO, OKU og PUT skal vera høvesvis H, V og FrP. KrF skal ha fast plass i formannskapet.

Ein er vidare samde om at det skal byggast sjukeheim i Sagvåg i denne perioden, noko som har vore viktig for FrP og Venstre. For Venstre har det også vore viktig å få inn eit løft innan oppvekst og skule og ein målretta miljøpolitikk. KrF har fått gjennomslag for ei forsøksordning med auka grunnbemanning i ein kommunal og ein privat barnehage. For Høgre har det vore viktig å få gjennomslag for reduksjon i eigedomsskatt og kommunale avgifter samt ein aktiv næringspolitikk.

Det vert arbeida med ei breiare politisk plattform i tida fram mot konstituering av kommunestyret. Denne vil bli lagt fram på eit seinare tidspunkt.