På førre møte i Stord kommunestyre, torsdag, stod mellom anna spørsmålet om kva som skal skje vidare med vannverket i Lønningsåsen på agendaen. Avgjerda stod mellom to tiltak; anten rive demningen og tilbakeføre området til naturen eller rive øverste del av demningen, la nedre halvdel stå att og dermed redusere storleiken på demning og dam.
Framlegget om rehabilitering av nedskalert demning vart vedteke med 25 mot 9 røyster:
Kommunestyret bed kommunedirektøren i samband med budsjett for 2024 leggja fram eit revidert alternativ 1, der ein anten riv øvre halvdelen av demningen og lar den nedre halvdelen stå att, eller riv og byggjer opp at ein nedskalert demning. Kommunestyret legg til grunn at dette vil redusera kostnadene med prosjektet betydeleg, samtidig som ein legg til rette for at dammen igjen kan brukast som bade- og samlingsplass for nærområdet, og at ein tek i vare soleigroførekomsten i området.
Kommunestyret vil komma attende til finansiering i samband med budsjett for 2024.
Kommunestyret legg til grunn at kommunedirektøren undersøkjer alle moglegheiter for å få statleg og/eller fylkeskommunal støtte til tiltaket, som viktig kulturminne og nærmiljøanlegg, og at dette er klarlagt i samband med framlegging av budsjett for 2024.