Problematikken kring den giftige planten landøyda, som spreier seg langs vegane våre, var tema for spørsmålet Fredrik Litleskare (H) reiste i kommunestyret torsdag. Hjå ordføraren fekk han dette svaret om kommunen sin «kamp» mot ugraset:
I arbeidet mot landøyda har landbruks- og miljøkontoret (SFLMK) formidla informasjon og oppmoda til dugnad. Så langt har SFLMK har gjort følgjande: – sendt ut informasjon til bøndene – lagt ut informasjon på kommunen si heimeside, twitter og facebook – sendt ut oppmoding til bondelagsleiarane om å samle til dugnad. SFLMK har sagt dei må ta kontakt om dei treng hjelp med noko – vore i dialog med SIM for kva som er best handtering der me har informert vidare at ein bør samle det i sekkar og brenne det eller levere det som restavfall Stord kommune eig mange eigedomar. Grøntavdelinga er berre bemanna med 3,5 stillingar og dei held ved like grøntareal ved m.a. rådhus, kulturhus, skular, barnehagar, idrettsanlegg mv. Avdelinga har ikkje kapasitet til å prioritera å fjerna Landøyda på andre areal i kommunen. Grøntavdelinga har fokus på å fjerna Landøyda i dag og vil spesielt prioritere å fjerna planta på skular og barnehagar. Driftsavdelinga på veg er bemanna med 3,6 stillingar. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av om lag 499 køyrevegar og 235 fortau/gang- og sykkelvegar, med total lengde på om lag 162 km. Vegavdelinga har ikkje ressursar til å prioritera fjerning av Landøyda langs vegane, men avdelinga har fokus på å ikkje spreia planta når dei klyppar vegkantane.