Potetentusiasten i Nedre Hagebyen

– God avling i år, fastlår seier Alf Kjeka i Nedre Hagebuen på Stord. (foto: privat)

I 1967 var Alf Kjeka i det store fleirtal hageeigarar som avla poteter på eigen grunn. I 2023 er han blitt ein i det store mindretalet som framleis held seg med eigenproduserte poteter.

– Då me kjøpte denne tomten og bygde huset i 1965 var det heilt naturleg å laga seg til med ein liten potetåker i hagen. Slik var det i alle hagar på den tid, pluss nokre frukttre og bærbuskar i tillegg til prydvekstane. Tomtene var som regel vel eit mål så det var plass til litt av kvart. Annleis på den sektoren i nyare tid, og etter kvart har det minka godt på det private potetlauvet rundt omkring. Gleda over å sjå kor det spirer og gror, utprøving av gjødselsmetodar og ikkje minst den gode trimmen denne hobbyen gjev. Det er mine personlege grunnar for å halda på. Billegare poteter hadde eg garantert fått tak i i butikken, meiner Alf Kjeka i Nedre Hagebyen på Stord.

Han er snart ferdig med opptak av årets potetavling i den vakre hagen han har laga rundt bustaden. Aker Solutions, verftet på Kjøtteinen, er næraste nabo. Der hadde han arbeidet sitt i 45 år, frå 1952 til 1997. For femtisjuande gong spar han no gode poteter opp av same åkrane, kva er løyndomen?

– Den gode trimmen er eg får er ein av årsakene til at eg held på med dette, seier Kjeka. (Foto: Privat)

– I den grad eg har ein liten spesialitet for å halda vekstviljen oppe i jorda mi, er det den me ser toppen av borti haugen der. Alt organisk avfall frå hushaldet, alt avskjer ja,- alt som rotnar, hamnar der og gjennom året snur eg komposten fleire gonger. Dette blir framifrå god mat for molda. Utover våren supplerer eg med litt kalk og nokre nevar fullgjødsel.

– Men det er veret som avgjerd avlinga. I år har det vore godt potetver med både temperatur og nedbør. Eg reknar med å kunna protokollføra ei avling på rundt 500 kilo. Totalt har eg bore 16 tonn poteter i hus frå eigne åkrar her. Det er dette arbeidet eg held meg i god form på, seier den 89 år unge potetentusiasten i Nedre Hagebyen..

1. mars startar sesongen. Då blir tidlegpotetene sett i potter på kjellargolvet og er komne langt når dei blir sett på friland tidlege i mai. Dei første er klare for opptak i midt i juni.

– Eg reknar med ei avling på 500 kg i år. Til saman har eg bore i hus 16 tonn poteter i løpet av åra. (Foto: Privat)