Komande helg arrangerer Stord Jazzklubb festivalen «Stord Jazzfest» på Stord Hotell. Fredag står mellom anna Bergen Bluesband og Steinar Raknes Stillhous på scenen. Sistnemde har med seg Unni Wilhelmsen.
Laurdag kan tonar frå Runar Nørsett Trio, Hildegunn Øiseth Kvartett og The Last Hurrah nytast same stad.
Arrangøren melder at det er råd å kjøpe festivalpass til både ein og to dagar – eller billettar til enkeltkonsertar om det høver betre.
Meir informasjon og fullstendig litse over arrangement finn du på Stord Jazzklubb sine heimesider. Der finnes òg link til billettsalet.