«Topp-skår» for Albir-vafla!

Kjempegod! Leiv Stokken gav Albir-vafla  topp-skår. (Foto: Steinar Hystad)

– Ingen tvil, for denne vafla blir det topp karakter. På ein skala frå 1 til 5, blir det  5, seier Leiv Stokken (87).  Han har nett ete første av dei fire hjarto i ei vafle frå kjøkenet på Sjømannskyrkja  i Albir, Spania. Rømme og syltetøy er obligatorisk. Stokken smiler velnøgd når han gjev beste karakter.

Så er då også den godt besøkte Sjømannskyrkja sentralt i Albir by kjent for velsmakande vaflar. For eit par å sidan kåra til den beste i heile «misjonen».  Oppskrifta skal ikkje vera nokon  løyndom.  Når Stokken, likevel vågar seg frampå med spørsmål om kva som gjer  vafelhjarto frå dette jarnet ekstra gode, får han hint om at det blir rørt inn litt appelsin i røra. Dette for å markera at både kyrkja og byen er bygt på appelsingrunn.

Saman med og to søner er Stokken-familien frå Dåfjorden  på nokre vekers ferietur til  på Costa Blanca. Og er ein nordmann på desse trakter ein laurdag i perioden frå september til mai, er det vanleg å ta turen «på kjerka»  og kjøpa seg ein raus porsjon risgraut. Etterpå blir det gjerne kaffi og vafla.