Stord eller Leirvik eller Leirvik Stord?

Svein Olav Langåker informerte om «by-skriftet» ei bok på 100 sider, som snart kjem i postkassen til stordabuen. (Foto: Steinar Hystad)

Stord kommunestyre valte å kalla byen Stord, då det vart gjort vedtak om bystatus for hovudstaden i Sunnhordland.  Dermed gjorde stordpolitikarane noko uvanleg i landet vårt.  Dei 107 andre byane i Noreg valte namnet på største tettstaden sin når byen skulle døypast.  Døme kan vera Haugesund, Grimstad, men det blei ikkje Leirvik by i Stord kommune.

Visste du forresten at Stord kommune dobla innbyggjartalet sitt sju gonger i perioden frå 1900 til 2000? Også der skil bykommunen seg ut. Denne informasjonen bar Svein Olav Langåker til torgs då han torsdag enta talarstolen for å informera kommunstyret om status for «jubileumsboka  for dei 25 første åra som bykommune». Jubilet var i fjor, boka kjem ut til alle hushald  i byrjinga av juni i år.

Politikarane som bad om kommentar, lufta om det var ok med valet som vart gjort om Stord kommune, eller om det skulle vore Leirvik i Stord eller Leirvik Stord ?