Suksess for norsk korfest i Spania

Dirigent og arrangør, Torleiv Agdestein leia songarane i  Stordabuen frå flygelkrakken. (Foto: Steinar Hystad)

– Kjekt å få så mange gjester på 30-års dagen sin, sa leiaren i Fredrikstad Mandssangerforening, då han helsa tett på 500 velkomne til korfest i Minnekirken ved  norske Solgården på Costa Blanca i kveldinga søndag. Rundt 400 var komne for å lytta, 100 for å syngja. Tilfellet ville at etter fredrikstadkoret melde sitt kome, kom det liknande telefon frå Bømlo Kormix og frå Songlaget Stordabuen. Dermed vart det minnerik og applausrik korfest i Minnekirken, som blir drifta av Sjømannskyrkja i Albir/Villajoysa. Langs seteradene mange andlet frå Bømlo, Stord og sikkert også frå Fredrikstad, å sjå.

Bømlo Kormix song under leiing av Irene Simonsen. (Foto: Steinar Hystad)

Kora hadde kvar si avdeling, og repertoara denne kvelden svinga innom det meste av sjangrar, frå «Når fjordene blåner», via «Your song» til Stordabuen sine smaksprøvar på «Rock», som blir haustens temakonsert på heimebane i Kulturhuset. Skal ikkje her røpa så mykje, men kan godt skriva under på at det er mykje røystegodt i vente.

Kyrkjelokalet baud på framifrå akustikk, og det kom vel med når dei tre kora samla seg på podiet og avslutta konserten med fellesnummer.

Suksessen var eit faktum.

«Det Norske Felleskoret» avslutta konserten… (Foto: Steinar Hystad)