I naturen har det vore skotår over normalen i 2023. Du vil sjå der særs godt om turen blir lagt langs eit nyleg tilplanta felt med gran. Årsskot meteren høgt er ikkje uvanleg å sjå.
– Det er nok i lengste laget om treet skal bli velskapt og pynta fint oppi stova, når den tid kjem. Men eg kan vera til dels samd i at årsskota denne sesongen har strekt seg godt. Kombinasjonen varme og væta gir gode vekstvilkår, seier juletreprodusent Olav Høyland til Stordront.no.
PS: Neste år , 2024, byr på 366 dagar – skotår.