Stord  – kan tyda «fruktbar jord»

Den rike vegetasjonen har kan gjeve øya vår namnet Stord. (Foto: Steinar Hystad)

Forfattar Ola Høyland opnar band 1 av Stord Bygdebok 1972 med kapittelet «Litt ålment om bygdi». Det er litt uti  stykkje me finn informasjon om namnet Stord.  Høyland skriv:

– Ein veit ikkje med vissa kva namnet Stord kjem av. Det er vitskapsmenn som meiner det kjem av eit ord som tydde grornæm og fruktbar jord, ei tolking som kan ha noko for seg. Alle som vitjar Stord undrar seg over den rike vegetasjonen der. Det er ikkje vanleg so langt ut mot havet.

– Men andre, like kloke, meiner det kjem av det gamalnorske ordet sturdo eller stirdo, som tyder stiv, høg og lite smidig. Det kan vera at øyo vår ser soleis ut når ein kjem vestatil havet og inn Selbjørnsfjorden. Ho kan sjå noko stiv og kantut ut då.