Mykje eføy, nokre lauvfulle småtre, tre fire stikkebuskar og eindel gras, har fått veksa i fritt løp så lenge at kulturskatten i Nordre Kaisving for tida er «bedekka» og ute av syne. Me siktar naturlegvis til dei staslege stabbesteinane langs øvre del av vegen frå Borggata ned mot Nattrutekaien. Inge tvil om at dei stødige steinane (med røyr-rekkverk på) er eit særmerkje for byen vår, og særmerkje både bør og skal me ta vare på. For nokre år sidan vart stabbesteinane klypt fram i dagen, det er på tid å gå på ny runde med hekksakser.