Songlaget Stordabuen syng i Albir

(Arkivfoto: Steinar Hystad)

Songlaget Stordabuen set endeleg nasa mot Albir i Spania laurdag. Turen skulle eigentleg ha funne stad i 2020, men vart då stoppa av koronarestriksjonane. Koret rekk både øvingar og konsert før heimreis neste onsdag.

Songlaget Stordabuen jobbar som vanleg fram mot eit større prosjekt i Stord kulturhus. I år er tema for prosjektet «Rock» .

– På denne tida av året plar koret reisa til Rosendal for to dagar med intensiv øving; 8 timar kvar dag, fortel koret sin dirigent Torleiv Agdestein til Stordront.no. – Spaniaturen erstattar Rosendal i år, så øving og terping blir ein viktig del av opphaldet. 

Han fortel at det er lagt opp til fire timar øving på hotellet både sundag og måndag.

– Meir kan det bli på tysdag, om koret finn høvande lokale til å øva i.

Sundag kveld er det konsert saman med Fredrikstad Mandssangerforening og Bømlo Kormix i Minnekirken. 

– Det var Fredrikstad som først avtalte konsert i Minnekirken, fortel Agdesetein. – Då dei seinare høyrde Bømlo Kormix skulle nedover, vart bømlingane inviterte med – og til slutt kom Songlaget Stordabuen inn. For oss høvde dette veldig bra. Me ville uansett ha prøvd å få til ein enkel konsert i løpet av opphaldet.

Konserten i kyrkja blir variert. For Stordabuen sin del handlar det om å presentera songar frå årets prosjekt. Soleis blir det musikk av store, internasjonale band som Pink Floyd, Metallica og Coldplay, men også norske artistar som DDE og Kaizers Orchestra. Og sidan temaet er rock, må det naturlegvis «gammalrock» til. Soleis blir det ein svingande medley av gode, gamle rockelåtar frå 1950-åra.

Det er dirigent Agdesetein som har arrangert det aller meste av koret sitt repertoar. Han kjem til å spela piano til songane under konserten i Minnekirken.

På initiativ frå koret i Fredrikstad skal konserten avsluttast med eit fellesnummer der alle tre kora er med: Salmen The Lord bless you and keep you av John Rutter.

– Omlag 60 av dei 70 songarane i Stordabuen reiser til Albir og det er tydeleg at det nærmar seg, seier Agdestein. – Folk gler seg til turen og er innstilte på å øva, ha konsert og elles kosa seg.