Her må det skrytast

God sikt langs indre del av Borggata etter klyppesjauen. (Foto: Steinar Hystad)

Igjen  gjer stordront.no noko av det me tykkjer aller best  om, nemleg å senda gode ord som takk for velgjort.  Denne gongen går rosen og skrytet til mannskapet som har brukt ein del timar på å fjerna omseggripande vegetasjon langs indre del av Borggata. Frå Spelemannsneset  mot tidlegare Dampbakeriet er det no god sikt og fram frå buskaset er det kome fine murar.  Ein del av skryten skal tilfalla vegeigar Vestland fylkeskommune, som denne sommaren har hatt fokus på kantklypp og tryggare trafikk.