Seinsommarkonsert på Moloen

Jørgensen og Spissøy under Storddøra (Foto: tipsar)

Duoen Erik Jørgensen, på gitar, og Øyvind Spissøy, på trommer, gjorde  laurdag  det dei syns er kjekkast; spelte glade songar til glade folk. Eit 50 tals frammøtte nytte ettermiddagen og konserten framom Storddøra denne milde septemberdagen. På eige initiativ laga dei go’stemning. Etter applausen og allsongen å døma vart dette svært godt motteke. All honnør og takk til dei to gledespreiarane. Måtte dei inspirert andre, dette var gøy, helsar ein glad lyttar..