– Torsdag 14. september kl. 1700 vert det høve til ei hyggjestund saman med Reidar Ådnanes. Han skal fortelja om Jakob Sande. Han vil lesa dikt, kjente og meir ukjente, og han vil syngja viser saman med oss. Stovegubbane spelar og syng. Dette står å lesa i ei melding som har funne vegen til stordront.no si digitale postkasse.
Pensjonistforbundet Stord held lagsmøter ein gong i månaden og folk møter tidleg for å høyra musikk og drøsa.
– Det er alltid gode kåsørar på samlingane. Der har det driftige styret i laget vore flinke. I tillegg er det åresal og kaffi og kringle vert servert.
Det vert vidare opplyst at det er gratis tilgjenge for alle – anten du er medlem eller ikkje.
På landsbasis har Pensjonistforbundet om lag 255 000 medlemer og er eit viktig lag når det gjeld å fremja dei eldre si sak. Dei arbeider for:
– auka kvalitet, verdigheit og fleire hender i eldreomsorga
– nok sjukeheimsplassar til å ta imot dei som treng det
– aldersvenlege lokalsamfunn
– medbestemming og deltaking
– Dersom du melder deg inn, styrker du gjennomslagskrafta, vert meldinga avslutta med. Og med dette er den oppmodinga sendt vidare.