Det er status i Stord kommune etter at omlag 40% av stemmene er telt opp. FrP og SV går òg fram medan KrF og SP går litt tilbake. Størst auke har Industri og næringspartiet (INP). Det er første gong dei stiller til val og har så langt fått 5.5% av stemmene.
Teljarane kan elles melda om ein jevnt sig av røystarar heile valdagen. – Det me har merka oss er at folk tek seg god tid etter at dei er komen i avlukket, fortel dei. – Så hopa det seg litt opp med folk like før vallokalet stengte, men dei som var komen innanfor dørane fekk gjera si borgarplinkt. Dette medførte at me kom litt seint i gang med teljinga.
Slik var stoda etter at førehandsstemmene vart telt måndag:
AP: 27.7% (-3.0)
H: 20.5% (+4.7)
FrP: 18.7% (+0.8)
SV: 8.5% (+2.5)
KrF: 6.7% (-0.3)
INP: 5.5% (+5.5)
SP: 3,4% (-0.8)
V: 3.2% (-0.8)
R: 2.6% (-0.3)
PDK: 1.1% (+1.1)
D : 0.3% (+0.3)