Etter ein ganske tørr periode no på ettersommaren, talar vèr-røynsla for at det byggjer seg opp til nye våte periodar. Hausten har ofte slikt å by på. Styrtregn kan ventast, og kva med bratte grusturvegen frå Kattatveit ned mot Ådlandsvatnet då? Tidlegare byger har grove stygg grøft i mest heile vegen si lengde, og når vatnet er slik skapt at det MÅ nedover, er det fare for endå meir grøftegraving i grusen og pukken. Er det mogleg å grøfta betre på utsida av vegen, skulle vel tida vera den rette før væta dett ned over oss igjen, meiner heimelspersonen for dette oppslaget.