TILBAKEBLIKK: Før Borggata vart permanent gågate, hadde Leirvik ordning med stengt gate for biltrafikk ved større tilskipingar og «spesielle anledninger». Slik som denne laurdagen i juni 1982, då turngruppa i Stord Turn og Idrettslag markerte «Turnsporten sin dag». Ein jentetropp og ein gutetropp viste kva dei dreiv med i Idrettshallen og hadde tatt med seg trampolinen og mjuk landingsmadrass. På biletet er det Henning Nielsen som «svevar» lett over gata. Etter at turnarane hadde vist sine kunster, var det høve for publikum å prøva seg.