Sofaprat og «Puls på Livet i Nysæter Kyrkje

John Inge Rolfsnes

 Denne gongen vil me presentera sagvågsguten og musikaren John-Inge Rolfsnes.

John Inge er frå «Sætravikjo» i Sagvåg. Her vaks han opp og gjekk på skule. Av pengegåvene han fekk til konfirmasjonen, kjøpte han sin første gitar. Og der starta musikk- karriæra hans. Etter kvart er han kjend som låt- skapar, bandleiar og artist. I tekstane er han oppteken både av livet me lever, vårt tilhøve til Gud og av lovsong. I dag bur han i Nordbygdo og er ofte på farten med gitaren på slep.

Dette og mykje anna får me høyra meir om denne kvelden i tillegg til at han sjølv vil framføra noko av musikken sin for oss. Ein kan og få høve til å kjøpa med seg CD-ar med musikk han har laga.  I sofaen blir det prat med  Reidar Ådnanes. Som vanleg vert det enkel servering, skriv Nysæter kyrkje på si nettside.

Tysdag 12. september 2023 kl 19:00