Når Hans Hauan skal opp rampen mellom Notahaugskaien og Gjestehamna/Evjo med el-bilen sin, må han vera nøye med å treffa rett innkøyringsspor. Om ikkje blir det for bratt. I ein rapport kring den universelle tilstand for hamnepromenaden i Leirvik, er vinkelen på betong- rampen omtalt som eit ømt punkt. Det er for bratt.
– Eit varmt ønskje frå oss med rullande framkomst, er at nokre bøtter betong blir investert i å gjera rampen litt lenger, noko slakare og såleis enklare å bruka, oppmodar Hauan.