– Ka e da så har sjedd her?
Det var etter runden i Landås tysdag kveld spørsmålet brått dukka opp ved passering Snikkervekstaden på Vabakkjen. Gangvegen var gullande rein og grasbakken nedom trafostasjonen var så strigla at ein kunne tru frisør hadde vore på besøk? På staden vart det nett grove grøfter og lagt kablar – og rydde- og reinskejobben som er gjort i etterkant står til Mykje Godt pluss, i karakter. Slik skal det gjerast, ja.