I 2022 var det førti år sidan Levi Henriksen var med på si første plateinnspeling og 20 år sidan han debuterte skjønnlitterært med «Feber», men framleis får han spørsmål om han eigentleg er musikar eller forfattar. I denne førestillinga, som best kan kallast ein musikalsk-litterær standup, får me høyre om dei 87 refusjonane, dei over 30 skjønnlitterære bøkene, dei ti plateutgjevingane – og litt om liv og lagnad i Indre Enfold.
Men mest av alt får me høyre om kva som får Henriksen til å tikke både som musikar og forfattar, kven og kva som har gjort han til den kunstnaren han er, og den lange vegen frå å vere ein liten pinsevenngut til å bli ein av landets mest folkekjære forfattarar og rockepoetar. I førkant av konserten blir det ein bokprat med Svein Olav Langåker.
Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Arena Bakeriet Frugård.
Laurdag 16. september 2023 kl. 18.00 på Arena Bakeriet Frugård.