I år gode, mogne og mange

Treng ikkje gå så langt avgarde for å finna freistande fine bjørnebær. (Foto: Steinar Hystad)

For den som er oppteken av berekraft og ikkje minst bærkraft, er det framleis matnyttig å ta turen i naturen. For etter eit par slakke bjørnebærår, med vêr som ikkje gav desse godisane mogningslyst for vintereen kom, bugnar det no av dessert-og syltebær i klungerbuskane. – Frå slutten av august og fram til starten av oktober, svarar allvitande Wikipedia  på spørsmålet om rett tid for bjørnebærpitling. Ikler ein nevane til dømes med eingongshanskar, er det ok vern mot «stikkusane».