Hoppa seg opp i Ådlandsvatnet

Auren hoppa seg opp i Frugardselva og Ådlandsvassdraget (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: Sommaren 1982 var av det tørre slaget, noko som mellom anna resulterte i  lita vassføring i  Ådlandsvassdraget og gjorde det vanskeleg for  gyteklar aure å koma seg opp i vatnet  vida  «laksetrappa» nett ovanfor Møllebrua.   Tidvis var det «ein vegg» av aure som venta  på motstraum kring Sagkaien. Og endeleg,  når ein var komen 10-12 dagar inn i august kom regnet i store nok mengder til at det var fart i sakene.

Aure etter aure tok utfordringa og gav alt i spreke hopp oppover «trappene». Nokre bomma og fekk seg ein dunk mot betongen eller ein liten tur på land, men gav ikkje opp.

Mange var dei som desse dagane  tok turen for å sjå på aurane som  «tok trappa» til  Ådlandsvatnet.

Biletet: