Høg gjeld og store etterslep…

Høg gjeld og store etterslep  pregar  Stord-økonomien. (Foto: Steinar Hystad)

Det er ikkje akkurat lystig lesnad, talmaterialet og råda kommmunedirektøren i Stord sende over til Kontrollutvalet i slutten av august.

Her kjem det svart på kvitt at berekna etterslep på vegvedlikehaldet er på 137 mill. kr. Minimumsløyving for å ikkje auke etterslepet på asfaltering slik vegnettet er no, er rekna til 7,5 mill. kr berre for asfaltering. Dette er 1,3 mill. meir enn det som ligg i økonomiplanen for 2023-2026. Rapporten konkluderer også med at det bør løyvast 21 mill. kr for å heve vegstandarden i kommunen, og minimum 11 mill. kr for å halde same standard som i dag.

Oppsummert vedlikehaldsetterslep på bygg viser summen 157,4 millionar kroner

Under avsnittet «Vurdering og konklusjon» av den økonomiske berekrafta  skriv kommunedirektøren:

«Gjeldsgraden i Stord kommune er høg og melde behov for nye investeringar er stor. Ein har den siste tida også sett at byggekostnaden ved nye bygg er høge. Det er difor enno viktigare at kommunen tek vare på dei bygga ein faktisk har, slik at ein unngår dyre investeringar i framtida. Investeringar som blir gjort i dag, må også vedlikehaldas i morgon. Kommunedirektøren ser difor alvorleg på situasjonen kommunen er i med omsyn til økonomiske prioriteringar framover. Kommunedirektøren vil ta med dette i sine vurderingar og vidare tilrådingar.»