Cruisegjester på «babysong» i kyrkja

Fekk med seg babysongen i Stord kyrkje. (Foto: Steinar Hystad)

Dei tre gongene  no på seinsommaren Leirvik har fått  store curisefarty på besøk, har mange av passasjerane lat turen til  Stord kyrkje etter landkjenning på Nattrutekaien. – Me har hatt opne dører og hatt ein jamn straum av interessert innom desse dagane. Rundt 400 frå «Rotterdam» og i dag ser det ut til å bli godt besøkt igjen. Eit par timar no på føremiddag, må me stengja grunna tillyst babysong med ei god rekkje påmelde, fortalte kyrkjeverje Liv Kari Bru til Stordront då uret viste halv på tolv. 

Ein liten flokk  cruisegjester hadde spurt om det var mogleg å få med seg songstunda for dei små, og det vart det naturlegvis svart ja til. Passasjerane gav Stord kyrkje ros for utsjånad og alder, alterbilete og plassering ved sjøen. Dei ville  også ha greie  på kor mange som var medlemer i soknelyden og kor mange som plar møta til gudsteneste.

I sentrum elles  og langs  strandpromenaden  ut mot Storddøra var det heile  føremiddagen jamn gå-trafikk av  cruisegjester.  Holland America Line har alt tinga seg ankringsplass på Vikafle nokre gonger  i åra som kjem.  Hamnesjef Espenes har kalla interesseorganisasjonar til møte denne veka, for å planleggja korleis byen skal presentera seg og ta turistane imot.

Folkeliv i gata ved cruisebesøket måndag. (Foto: Steinar Hystad)
«Sunnhordland», lenge den største båten til kai på Leirvik – måtte sjå seg slått av «Nieuw Statendam». (Foto: Steinar Hystad)