Saknar framdrift for ferjefritt Huglosamband

Saknar brua over Laukhammarsundet – mellom (landfaste) Skorpo og Huglo (Foto: Steinar Hystad)

Mangelen på framdrift i planarbeidet for fastlandssambandet over Laukhammarsundet mot Skorpo og Tysnes og resten av Europa, vart det sentrale temaet då listekandidatar frå seks  parti møtte til val-debatt på Huglo onsdag kveld. Her kan det godt leggjast til «vart igjen», sidan dei som var på  val-møta for både fire og åtte år sidan, minnest så alt for godt at  Huglosambandet var det sentrale tema då også.   Lite har altså skjedd.

Tysnes har alt sagt at dei vil ta sin del av kostnaden med å få ferdig ein detaljreguleringsplan, som er avgjerande for å få prosjektet inn på fylket si prioriteringslista.  – Får me i komande periode fram sak om deltaking planarbeidet, vil me støtta prosessen, lova utsendingane.  Med tilføying om at ein må venta tøff tevling om  samferdslemidlar  frå fylket. Det er mange om dette beinet, me har mange øyar i Vestland som ønskjer  fastsamband og sin del av ferjeavsløysingsmidlane.

Halvparten av dei fastbuande på Huglo møtte til val-debatten i bygdahuset. I panelet sat (f.v.) Fredrik Litleskare (H), Sigbjørn Framnes (FrP), Dag Ove Fauskanger (KrF), Edgar Damås (Ap) Geir Angeltveit (V), Nancy Aasheim (Sp) og Magne Blålid (SV) (Foto: Steinar Hystad)

Om lag halvparten av dei fastbuande på Huglo møtte, og kunne gå frå bygdahuset med visse om at det politiske Stord har fått med seg  kva for positiv ånd som lever i  austre bydel når det gjeld dugnad og samarbeid for å få ting til å skje.  Gode ord vart sagt fram.  

– Men kor skal me kunna tilby tomt til dei som vil slå seg til her? Det er mange år sidan sist det vart bygt eit nytt bustadhus  på øya?  Frå  panelet vart det vist til langs ventetid på kommunedelplanen sin arealdel. Meir konkret blei det nemnt Litlestølen og Skarvene 2 som moglege felt (Skarvene I vart lagt ut i 1976).  

Positiv vart eit samrøystes ja-svar notert på spørsmålet om partia ville halda seg til neste års budsjett, som har med seg løyving til utbetring/ny kommunale kai på Sørhuglo.  Noverande kai er stengt for bruk grunna dårleg tilstand.