200 med på første Stordløpet

Godt kledde til start  på første Stordløpet  i september 1978. (Foto: Tor Resser)

Søndag 3. september inviterer  friidrettsgruppa  til start på Stordløpet  for  46. – gong.  I boka «STORDHENDINGAR – mimrebolken 1970-1979» bli storhendinga omtalt med oppslag over fire sider.   Øyvinn Berger, omtalt som «Stordløpet sin far», hadde lagt starten til Grov, den gongen. Han talte før startskotet sende flokken på 200 deltakarar av garde. I seinare år er løypa lagt om med start og mål på Stadion.

Frå Mimreboka:

«Start på Grov, så tømmervegen opp til Sjoalemyro, gjennom skogen til Vad og over til Vatnadalen, nedom Øvre Økland og skogsvegen vidare til Stuva, gjennom Landåsen og inn mot målsnora på stadion. Dette var traseen for første Stordløpet i september 1978. 12 kilometer langt og såleis rimeleg passeleg for både springane racerar, joggarar på trimstadiet og ganske alminnelege søndagsturgåarar.

Av 200 påmelde til første løpet satsa 150 i turklassen, der tid var ei frivillig sak. Eller som ein av dei gåande sa i sin personlege kommentar: « Eg starta ikkje for å springa, men for å få god appetitt til komlo til middag». Eldstemann var 70 år, yngste 3. Eit forferdeleg regnver natt til Stordløp-elddåpen gjorde det både blautt og stegvis glatt i løypa.

Jan Georg Godvik frå Fana vann klasse A for racerane. Jostein Hatteberg frå Rosendal vann klasse B, der desse lokale unge menn følgde på plassane etter: Jan Bjelland, Jan M. Helland, Øystein Huglen, Stein Kåre Tytingvåg og Ernst Arne Sælevik.

I Klasse D vann Øystein Eide Eskeland, framfor Magne Grov, Steinar Aasheim, Arnulf Agasøster og Karl I Westerheim. I klasse E tok Per Bringedal, Herøysund, sigeren, med desse stordløparane etter:  Olav H. Vatna, Magne Løvtangen, Harald Haugen og Alf Vattedal, Onarheim.

I klasse F vann G. Gundersen frå Haugesund, før Kåre Roaldkvam, Øyvinn Berger og Tor Vik. Erling Jensen jogga inn til andreplass i klasse G. I klasse junior vart rangeringa slik: Åge Bjelland, Lars Eik, Geir H. Nordfonn, Trond Kyvik, Øyvind Skumsnes, Nils Haldorsen og Bjarne Bunes.

I bedriftsklassane var det inndeling etter alder. I menn 18-25 år vart det siger til Jan Hegglund, Haugesund – så følgde Lars Stemland, Annar Westerheim, Arne Gravdal, Jan Vidar Kannelønning og Hallgeir Matre.

I klassen 26-36 sprang Aage Andersen, Kopervik, fortast. Deretter  Ben J. Johannessen, Per Magne Kyvik, Martin Solnes, Odd Bjarne Grov,  Johnny Huse, Harald Bruflat, Ola M. Lomheim, Tor Hansen, Leif Arvid Grov, Lars H. Westerheim,  Olav Kyvik, Bj. Østensen, Odd Larsen, Åge Ådland og Stig Sørmo.  I Klassen 36-42  vann Øverland  frå  Sauda, så følgde  Asbjørn Grov, Odd Laukhammer, Rieber Mohn, Håkon Belsvik og Kristian Lunde.

Dette var dei som sprang på tid.