Med heise stort overheng

Har no storparten av sine lauvgrøne greiner ut over Vikastemmo. (Foto: Steinar Hystad)

Det store spørsmålet når det gjeld dette treet med stort overheng mot sør ved Vikastemmo, er om det er nokon snarleg overhengande fare for at det tippar over? All den tid treet framleis veks, og sidan det veks mest på «sjøsida», kan det vera rett å tru at det «hadlar»  meir mot vatnet enn tidlegare. No er det i alle fall slik at treet kan ta væske til seg  gjennom nedste greinene.  Kunne stussing vore ein tanke?

For nokre år sidan vart vegen framom treet groven opp for nedlegging av røyrar, då var det ålmenn redsle for at treet skulle velta, men det stod seg fint. Ikkje minst fordi det vart teke  særskilt omsyn ved passering av  kanttreet.  

Den grøne etat i kommunen hadde kontroll og skulle ta vare på treet med den særmerkte plasseringa. Slik er det nok framleis. Anna har me Ikkje høyrt.