Ein av dei skikkeleg store

Kraftkar – målt til 24,5 centimeter over ryggen. (Foto: Steinar Hystad)

– Jo, eg kvakk ikkje så reint lite då teina kom i båten og eg fekk sjå kva som var inni.  Eg har fiska ein heil del krabbe, men aldri sett eksemplar av slik storleik.

Har krabben eit lengde over skallet på 22 centimeter, blir der rekna som kjempestort.  Taskekrabben som nyleg gjekk i teina i «Hidle-området» vart målt til 24,5 centimeter. Når han strekte klør, vart det frå ytterkant til ytterkant av målt 55 centimeter. Taskekrabben kan bli 20 år gamal. Akvariet i Bergen har fått tips om krabaten og har sagt seg interessert i å overta.

– Eg fekk han i ei «biltema-teine» av det rimeleg slaget, og lurer enno på korleis han eigentleg kom seg inn, der han tok heile plassen, fortel fiskaren til Stordront.no.

Kraftkar – målt til 24,5 centimeter over ryggen. (Foto: Steinar Hystad)