Taste-telefon til abonnent  10.000

Sonja Helen Jacobsen og sonen Stig tok imot den topp moderne taste-telefonen frå telesjef  Einar Johnsen 4. februar 1982. (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK:  4. februar 1982 kunne abonnent nummer 10.000 førast til protokolls i Stord Teleområde. Hending vart markert i stova til Sonja Helen og Dag Inge Jakobsen på Hystad på Stord, der telesjef Einar Johnsen overrekte eit hypermoderne taste-telefon. Det vanlege for godt 40 år sidan var telefonapparat med talskive, og i televerket rekna ein med at det ville bli det vanlege også nokre år framover. Før tastane kom inn for fullt.  Det skulle gå tre år frå Jakobsen bestilte telefonabonnement, til dess dei fekk summetonen i stova.

I artikkelen kring overrekkinga i Sunnhordland dagen etter, blir det opplyst at første telefonen vart installert på Stord i 1900. Så skulle det gå 70 år til ein nådde 5000 abonnentar i teleområdet, men «berre»  ti år til, før  ein nådde 10.000.

Og så kom mobilane og overtok det heile og sende Stord Teleområde over i soga…