MS Ambience på plass på Vikafle

Mykje mindre enn MS Rotterdam, men MS Ambience tek likevel opp godt med plass i hamnebassenget på Vikjo. (Foto: Steinar Hystad)

I formiddag ankra MS Ambience, som planlagt, opp på Vikafle. Skipet som har med seg omlag 1300 passasjerar, fordelt på 798 lugarar, kjem raka veken frå Themsen sitt utløp og skal ligga på ‘fle fram til kl 20:00 i kveld.

Dei britiske turistane vert etterkvart sett i land med tender båtar på same vis som då MS Rotterdam var på vitjing for ei vekes tid sidan.

Sjølv om MS Ambience ikkje er like ruvande som MS Rotterdam tek det 30 år gamle skipet likevel godt med plass i hamnebassenget.