«Karstykkje» å løfta storesteinen

Den store løftesteinen er kontrollmålt til 99,5 kilo. (Foto: Steinar Hystad)

I 100 år har den store «Løftesteinen»  lege på plenen utfor Futastovo i Sunnhordlandstunet. Han vart funnen i Vadelva 1913 og frakta  til Parken, der han sidan har hatt blitt brukt som eit «karstykkje».  Den som klarde løfta steinen, som ikkje er så lett å få grepet på med si runde form, den utførte eit krafttak, eit «karstykkje».

På museet ligg ei bok med namn på kraftkarar som har letta den 99,5 kilo tunge steinen frå bakken.  Steinen var sist på vekta  28. juni 1991.