Ingen planar om fartsdempande tiltak

Ingen planar om opphøga gangfelt i Hamnegata  per i dag. (Foto: Steinar Hystad)

Gåande dagleg kryssar av Hamnegata føler litt for ofte at  skilta om 40 km/t  som høgste lovlege fart  for bilar,  ikkje blir følgde. Den gåande meiner  dei dei fire overgangsfeltet på strekket frå Hamnetind  mot Oma Slipp bør  omarbeidast til opphøga versjon for å få ned snittfarten.  Stordront.no har stilt  Anne Randi Naurstad, kommunen sin driftsleiar for veg, parkering og grønt,  tre spørsmål i saka.

  • Kva skal til for å få ønskjet om opphøga gangfelt  realisert?

Ein kan kome med innspel til kommunen. Her vil tiltaka verta prioritert ut i frå trafikktryggleiksrisiko og innanfor tilgjengeleg ressursar.

  • Kan kommunen sjølv avgjera slikt?

Det er vegmynde som etter veglova har mynde til å etablera fysiske fartsdempande tiltak. Søknader om fysiske trafikktryggleikstiltak vert handsama av kommunen og vurdert mot kriteria sett i Statens vegvesen sine handbøker.

Det kan vera usemje om etablering av fartsdempande tiltak. Det er difor ynskjeleg å la andre medverke i prosessen. Dette kan vera m.a. politi, buss selskap, ambulanse, brannvesen og velforeiningar.

– Er det planar om fartsreduserande tiltak i Hamnegata ?

Det ligg ingen innspel om opphøgde gangfelt i gjeldande TS-plan. Det er heller ikkje kome inn ynskje om dette til kommunen.

Det er soleis ingen planar om opphøgde gangfelt i Hamnegata pr. i dag.