91-åringen fekk spørsmål om kor lenge han rekna med å halda det gåande. Han hadde svaret klart: – Ja, no har eg blitt med på desse turane til «Aktiv til 100», og reknar då sjølvsagt med at eg blir gåande til 100.
Denne veka starta Stord Fitjar Turlag opp med sine tre variantar av desse nett passeleg lange turane, der det sosiale er like viktig som det å røra på seg.
Måndag var det hauststart i Hustrudalen på Litlabø, neste blir då om 14 dagar – med trafoen på Vaskeriplanet som utgangspunkt. I morgon, torsdag 24., går turen til gapahuken i Skjephaugen, med start frå parkeringsplassen ved skogsinngangen på Heiane. Neste torsdag, 31. august, går turen frå Møllebrua langs Ådlansvassdraget til gapahuken i Stuvikjo. Slik vekslar desse to variantane annankvar torsdag frametter.
Ein treng ikkje vera medlem av turlaget for å vera «Aktiv til 100». Men hugs kopp, det blir servert rykande fersk bålkaffi.