Stileg presentasjon av det nye hotellet

Vindusrekkja rundt heile bygget viser i tekst og biletet fakta om det nye hotellet som kjem.

Lurer du på noko om hotellet som kal byggjast på gamle tufter på Nattrutekaien,  er det berre å leggja turen til Borggata og ta ein studie av dei

svært informative vindusbileta i førstehøga i  «Skohuset». Der Irgens tidlegare heldt til.  Biletserien byr på både oversikt på korleis hamna vil bli med utvida kai og nytt hotell i sjøhusutforming.  Det blir vist frå romavdeling og  baren og lagt vinn på den nære tilknyting til gata oppfor.  Eit anna poeng, er at  Nattrukaien  har over 100 år lang tradisjon som møtestad for gjester til Stord og for stordabuen.

Byggjestart er sett til 1. november  i år og  byggjetid er sett til  22 månader.

Slik framstår den «nye» Leirvik hamn om eit par års tid.