Innskriving av hendingar og observasjonar i «plussmargen» er noko av det kjekkast me her i Stordront.no kan gjera. Såleis er smilet til stades når det her og no blir sendt heiderleg omtale til oppsitjarane i bustadområdet Marihaugen. Der i garden har dei stelt fint med felles leikeplass, som framstod som særs ryddig og med nyklypt plen då me passerte ein kveld nyleg. Eit framifrå føredøme.