Her skal me parkera ved Vadvegen

Bruk parkeringsplassen ved Vadvegen, framom desse løypeskilta. (Foto: Birk)

I desember 2020, for snart tre år sidan, flytta Stord Fitjar turlag løypeinformasjonen frå brua ved Vadelva til den store opne plasen nokre hundre meter lenger ute på Vadvegen. Samstundes kom det opp ein stor P på blå bakgrunn, som varsel til turfolk om å setja bilen på denne plassen medan dei sjølve gjekk til skogs eller opp til Ravatnet. Det har ikkje hjelpt stort, diverre.

Etter oppmoding var kommunen sin trafikketat på synfaring til området ved Vadelva i vår, der det vart forklart at parkerte bilar tett på brua, var til hinder for dei som MÅ over brua i samband med gardsdrift m.v. Det vart trekt konklusjon om at meir informasjon må  plasserast ut, utan at noko slikt er kome på plass.  No har kommunen fått purring.

Og feilparkeringa, den held stand, diverre.