Eit nytt bygg har reist seg på tuftene etter den gamle pumpestasjonen på Lundarstøl. Nyehuset skal ha same funksjonen som det gamle, hysa pumpa som sikrar vatn til våningshuset på fjellgarden etter Peder Lundarstøl og til kringliggjande hytter. Vatnet blir henta i elva som startar oppe i Kvelve-området.
Verkstadklubben på Aker eig Lundartøl, og betalar gildet, medan mannskap frå Stord Fitjar Turlag, som disponerer hytta for tida, utfører arbeidet på dugnad.