Seint på kvelden månad 11. september, når røystesetlane er talde, blir spenninga ved årets val «utløyst». Då får me vita kven veljarane vil ha til å styra Stord kommune neste fire åra. Det same gjeld for medlemer til Vestland fylkesting.
Skulle du lura på kva tid politikarane som no bli valt inn i kommunestyre byrjar si viktige teneste, har stordront spurt seg føre i Rådhuset og fått opplyst følgjande:
Det sittande kommunestyret skal ha sitt siste møte 19.10.23 kl. 12.00. Dei skal også har ordinært kommunestyremøte 21. september.
Det nye kommunestyret skal ha konstituerande møte 19.10.23 kl. 16.00
Det første ordinære møte til det nye kommunestyret vert 30.11.23 kl. 12.00