«Seladon» seglar vidare – frå Fitjar

«Seladon» har fått ny kledning på styrbord side. (Foto: Steinar Hystad)

Bråttsjøane som rådde  for framtida til  «Seladon» etter at duoen  Matre/Skorpen måtte avslutta drifta på Smedholmen, har lagt seg. Den stolte skuta har fått trygg hamn i Russavikjo. I Fitjar, den også. No er det eldskjeler samla  i Foreningen for seglkutteren «Seladon» som har teke over drift og vedikehald. Då  skuta vart lagt ut for sal for nokre år sidan, melde interesser i Kvinherad seg for overtaking. Men handelen vart omgjort.

Geirmund Engevik er leiar i foreninga og fortel til stordront at «Seladon»  denne sommaren seglar med ny skrogkledning  på styrbord side, og diverse anna nytt. Eit solid stykke arbeid frå Skipstømraren på Jensaneset, betalt med sponsor- og andre støttemidlar. Anna vedlikehald blir drive på dugnad, det same gjeld når ein kjem i gang med segling og maritim opplæring i samarbeid med åttande- og niande klasse ved Rimbareid skule.

«Seladon» med mannskap var nyleg med i ei framsyning i Austevoll, med amerikautvandringa som tema.

– Om nokon no får lyst å vera med på den vidare  Seladon-seglasen?

– Då er det berre å «slå på tråden», seier Engevik (Tel.: 404 03 201)

«Seladon» – ei stolt skute – her ved kai på Jensaneset. (Foto: Steinar Hystad)