Mange gonger for dagen kan stordabuen sjå at dei to ferjene i sambandet Stord-Kvinnherad passerer kvarande melom Fyrøya og Hidle.
Det kan det bli slutt på om Kvinnherad senterparti får gjennomslag for kravet om å flytta støet frå Ranavik til Sunde og senda ferjene derfrå gjennom Laukhammarsundet til Jektavik på Stord.
Bak senterparti-kravet ligg ei undersøking Ingar Hølland og Bjarte Eide har gjennomført, med å spørja dei so bur langs fylkesvegen mellom Tofte og Ranavik på Halsnøy om haldning til å flytta ferjene attende til Sunde. Nesten samtlege støttar ideen – og mest tel tankane kring trafikktryggleiken. Trafikken har auka mykje over øya etter at det vart gratis å køyra Folgefonntunnelen og Halsnøytunnelen.