Ankrar snart opp på Vikafle

Rotterdam legg seg på Vikafle 23. august. (Foto: Holland America Line)

Måndag la hamnestellet ei lang flytebrygge ved Nattrutekaien, og fekk naturleg nok spørsmål om dette var ein mellombels snøggbåtkai i samband med hotellplanane på kaien.

– Nei, dette er ein mellombels cruisekai, i den tyding at tenderbåtar skal leggja til med  cruisepassasjer som vil besøka Vikjo og Stord. Me får to slike besøk når det lid litt lenger ut i august, fortel hamnesjef Inge Espenes til stordront.no.

Ambience legg seg på Vikafle 28. august. (Foto: Ambassador Cruiselines)

Onsdag 23. ankrar den store  M/S Rotterdam opp på Vikafle. Båten var ny i 2021 og har  plass til 2668 passasjerar og eit mannskap på vel 1000, Skipet kjem frå Kristiansand og skal etter opphaldet i Leirvik vidare til Flåm.

Måndagen etter, den 28., kjem  kvite  og noko mindre M/S Ambience, som har segla «world-wide» sidan 1991.  Dette skipet har plass til 1400 passasjerar.

Hamnestellet har fått låna «cruisekaien» hjå Eldøyane sjøsportsenter. (Foto: Steinar Hystad)