Ikkje berre i plogformasjon

Ikkje i plog denne kvelden, men snøgt mot sør gjekk det. (Foto: Steinar Hystad)

Stor flygetrafikk høgt over Langenuen  laurdag av pratsame  grågjess. Først fire fem flokkar  i elegant V-formasjon, før det i kveldingar kom  eit følgje på 90 fuglar  som ei lang prikka line oppunder skyene, alt meda dei drøfta kven som skulle ta føringa og for orden på formasjonen.  Som «i alle år» tidlegare, er det berre å lata seg imponera over kor godt  grågåsa kjenner norske tider for  lovleg jakt på grågås. Den startar 10. august, men då har dei fleste  av desse grasetarane alt komne seg på ei charterfyking mot varmare strok.