By opp til morgondans!

Eitt av dei gode båtnamna i Leirvik gjestehamna sist veke. (Foto: Steinar Hystad)

Me trur ikkje det er å ta hardt i å setja fram påstand at ein tredel av gjestebåtane i Evjo hamn denne sommar har hatt segl og vind som hovududframdrift. Det har jamt vore mange høge master å sjå, fleire har vore i lengdeklassen som krev to master. Og mellom døypenamna har det vore ein del godbitar.  Som døme har stordront.no i dag valt «Morgondans», med blått skrog. Namnet kan me ta som oppmoding til at det no  skal bli ein annan dans, ein morgondans…